Kokast alkoholen vekk i mat?
Ei velkjend myte tilseier at alkoholen du har i maten forsvinn så lenge du koker den litt. Trass alt – ein raudvinssaus er vel ikkje problem for små born eller dei som er gravide å ta litt av? I 2007 hadde det amerikanske fødevaredirektoratet (USDA) og Washington State University eit forskningsprosjekt på nett dette emnet kor dei fann ut kor mykje alkohol som vart att etter litt koking.
Mange vil nok bli overraska, men hugs at det er forskjellar i ulik temperatur, ingrediensar brukt og lagring.
I tillegg fann dei ut:
- Alkohol helt i kokande væske og då fjerna frå varme: 85% alkohol var att
- Alkoholen blei tent på (t.d. flambering): 75% alkohol var att
- Alkoholen helt i kald mat, oppbevart over natta: 70% alkohol var att
- Alkoholen helt i på toppen av ei gryte som kokar i 25 minutt. 45% alkohol var att
Koketid ved 80°C | Alkohol att i maten |
---|---|
Kvarter | 40% |
Halvtime | 35% |
1 time | 25% |
1,5 timar | 20% |
2 timar | 10% |
2,5 timar | 5% |
NB! Hugs at alkoholmengda i det meiste av mat, med unntak av rettar com Coq au Vin, oftast er ganske liten del av totale mengda mat. Om du tilset ein desiliter vin i ei to liters gryte vil det vere om lag 0,2% alkoholnivå i gryta etter berre eit kvarters koking.
Les heile rapporten frå USDA (PDF)